Vossapakko
Bompengeprosjektet Vossapakko startar opp samtidig med Kvammapakken.
Du trenger berre ei brikke, og kan kjøyre i begge anlegg.
Rabatt både i Kvammapakken og Vossapakko:
Ved å teikne avtale med Kvam Bompengeselskap AS og med Voss og Omland Bompengeselskap AS så vil du oppnå rabatt begge stader. Du vil motta faktura på forskotsbeløp frå kvart selskap du har teikna avtale med.
Din
hovudavtale vil vere der du har motteke brikka frå. Det er denne avtalen som vert belasta dersom du passerer i anlegg der du ikkje har avtale.
Tilleggsavtalar er når du inngår avtale i andre anlegg på same brikka, for å få rabatt fleire stader.
Korleis teikne avtalar begge stader:
Du må først teikne avtale i det eine selskapet. Når du har motteke brikka di, så kan du teikne avtale i det andre selskapet og oppgi det brikkenummeret. Dermed kan du ha to avtaler på same brikka. Ein hovudavtale og ein tilleggsavtale.
Avtale i kun eitt anlegg:
Dersom du berre teikner avtale med det eine selskapet (for eksempel Kvam Bompengeselskap AS) så kan du passere i andre bomanlegg (for eksempel Vossapakko, Bomringen i Bergen, Stavanger osv). Passeringa blir da belasta avtalen til full pris.
Dersom du ønsker meir informajson om Vossapakko, sjå
www.vossapakken.no
Vis Kvammapakken og Vossapakko i et større kart