Oppstart
Den 08. desember kl 12:00 starta innkrevjinga på Kvammapakken. Bomstasjonen er automatisk, og ein del av AutoPASS ordninga.
Historikk
Kvammapakken omfattar prosjekt og tiltak på rv. 7 og rv. 49 i Kvam herad. Vegane har alt for dårleg standard i høve behova for innbyggarar og næringsliv. Fleire svært trafikkfarlege punkt der ulike trafikantgrupper må ferdast i lag, har ført til ulukker og nestenulukker. I fleire av prosjekta inngår difor bygging av gang-/sykkelveg og fortau.
Ein stor del av investeringane kjem mellom Norheimsund og Øystese. Her er det lagt opp til tunnel på strekninga Øystese vest–Nes og utbetring mellom Nes og Norheimsund.
Det er vidare sett av midlar til fleire tiltak på rv. 7 mellom Øystese og Granvin grense, utbetring av kryss rv. 7/rv. 13 i Granvin og trafikksikringstiltak på rv. 7 Kvamskogen. På rv. 49 er det planlagt opprusting frå Norheimsund til Vikøy og utbetringar ved Linga.
Pakke med ni prosjekt
Kvammapakken inneheld ni større og mindre prosjekt og skal i hovudsak finansierast med bompengar. Fylkeskommunale løyvingar skal dekke 10% av kostnadene.
I tillegg kjem investeringskostnader i samband med innkrevjing av bompengar.