Avtale
AutoPASS-avtale
- Du kan teikne avtale pr WEB eller hos SERVICESTASJONAR i området.
- Rabattar: Du kan velje mellom 30%, 40% eller 50% rabatt pr passering
- Avtalen og brikka er knytt mot køyretøyet. Registreringsnummer må difor alltid oppgjevast ved teikning, endring og oppseiing av avtale.
- Du skal berre ha ei brikke per køyretøy.
- Det er rekningsmottakar som teiknar avtalen. Det er difor ikkje naudsynt at det er bileigar som teiknar avtale.
- Dersom du har har gyldig avtale og brikke frå eit anna anlegg, kan du nytte denne brikka når du teiknar avtale med Kvam Bompengeselskap AS.
- Det må betalast kr 200,- i depositum per brikke. Dette blir refundert ved oppseiing og retur av brikke.
- AutoPASS-brikka kan nyttast i alle andre AutoPASS-anlegg i landet, så framt du ikkje reserverer deg mot dette.
- Avtalevilkår (PDF-format)
- Timesregel: Alle køyretøy med brikke som passerer begge eller same bomstasjon i ein tidsperiode på 1,5 time betaler berre for ei passering.
Avtaletyper
- Privatkundar kan knyte inntil to køyretøy til ein avtale.
- Firmakundar kan knyte så mange køyretøy som dei ønskjer til avtalen, dersom køyretøya er registrert på same gyldige organisasjonsnummer.
- Firmakundar må oppgi sitt organisasjonsnummer for å få firmaavtale.
- Utanlandske køyretøy kan også teikne avtale.
- Utrykkingskøyretøy, Elbilar/Hydrogenbilar, kollektivtrafikk i rute kan teikne avtale med Fritak. Dokumentasjon må da leggast fram.
Avtale med fritak:
- Brikkedepositum på kr 200,- kjem i tillegg.
- Ved passeringar i anlegg kor du ikkje har avtale eller fritak, vil du få etterskuddsfaktura på passeringane til full pris.
- Du vil få faktura frå det bompengeprosjektet kor du har fått brikka di frå.
Avtale med sletting av data
- Ein AutoPASS-avtale, der det er valt sletting av opplysningar om passeringar, gjer at passeringsdata blir sletta straks passering er belasta ein positiv kundesaldo.
- Etter sletting vil passeringsdata ikkje kunne framskaffast, heller ikkje ved ei eventuell klage.
- For meir informasjon sjå PERSONVERN .
Faktura og avrekning
- Det må teiknast avtale for å få rabatt ved passering. Du kan velje ein forskotsavtale på 30%, 40% eller 50% rabatt.
- Når du har teikna avtale er det berre å køyre, og betale faktura så snart du mottar denne. Eventuell negativ saldo i denne perioden vil bli avrekna mot avtalen så snart forskotsbeløpet er betalt.
- Du er sjølv ansvarleg for betaling av avgift etter gjeldande takstar og til rett tid.
- Beløpet blir berekna ut frå høgaste registrerte takstgruppe på køyretøyet.
- Ny faktura blir sendt når det er ca. 25% att av forskotsbeløpet. Dette blir varsla med kvitt lyssignal.
- Forskotsbeløpet er ikkje bunde opp mot nokon tidsperiode.
Endring i avtale
- Du er ansvarleg for at dei opplysningane som er gitt i avtaledokumentet er korrekte. Alle endringar i avtalen, slik som bytte/sal av bil, avtaletype eller adresse, kan endrast på MIN SIDE, eller meldast til selskapet.
- Du er ansvarleg for å ta med brikka di når du kvittar deg med køyretøyet. Brikka kan da overførast til nytt køyretøy eller returnerast driftsselskapet for oppseiing av avtale.
- Det er ikkje høve til å overdra avtalen til andre personar eller selskap.
- Du er til ei kvar tid ansvarleg for bruken av brikka og pliktar å gi melding til driftsselskapet snarast dersom du mister brikka eller den blir stole.
- Du må gi beskjed om endringar til alle bompengeanlegg der du har avtale.
Min Side
- På MIN SIDE kan du få oversikt over passeringar og saldo.
- Du kan også foreta alle endringar i avtalen, slik som bytte/sal av bil, avtaletype eller adresse.
- Dersom du har gløymt passordet, kan du få det tilsendt HER.
Årsak til retur/bytte av brikke
- Dersom brikka er stole eller fysisk skadd, må kunden seie frå til Kvam Bompengeselskap AS v/Bro- og Tunnelselskapet AS.
- Bytte av brikke som ikkje er fysisk skadd/stole skal avtalast med Kvam Bompengeselskap AS v/Bro- og Tunnelselskapet AS på førehand.
- Ved oppseiing av avtale. Sjå avsnittet under om Oppseiing.
Oppseiing
- Ved oppseiing av avtale må du sende brikka og ei skriftleg oppseiing til Kvam Bompengeselskap AS v/Bro- og Tunnelselskapet AS.
- Du må sende oppseiing til alle bompengeanlegg der du har avtale.
- Dersom du har fått brikka frå eit anna selskap enn Kvam Bompengeselskap AS, skal brikka sendast i retur til det selskapet du fekk brikke frå.
- Kontonummer for eventuell refusjon av restsaldo må førast på oppseiinga.
- Det gjenståande beløpet av innbetalt forskot blir refundert ved oppseiing av avtale. Dersom kontonummer ikkje er oppgitt i oppseiinga, vil beløpet gå til den konto som betalte forskotsbeløpet sist.
- Lågaste beløp som blir refundert er kr 50,-

2010 Bro- og Tunnelselskapet AS
Driftsmeldinger
Det er for tiden ingen driftsmeldinger på anlegget.
Arkiv
Det er for tiden ingen dokumenter i arkivet.
Kvam Bompengeselskap AS
v/Bro- og Tunnelselskapet AS
Postboks 2623 Møhlenpris
5836 BERGEN
PERSONVERN