AutoPASS / EasyGo
AutoPASS er det norske systemet for elektronisk betaling av bompengar. Teiknar du ein AutoPASS-avtale får du ei brikke til å feste i frontruta. Deretter kan du passere gjennom bomstasjonen utan stopp og du får rabatt hos bompengeselskapet du har teikna avtale med.
Du kan bruke brikka i alle bomstasjonar med AutoPASS
Med ein gyldig AutoPASS-avtale kan du kjøre rett gjennom alle bomstasjonar med felt som er merka med det blå og kvite AutoPASS-skiltet, dersom du ikkje har reservert deg mot passering i andre anlegg.
Du får faktura frå det bompengeselskapet du har teikna avtale med.
Det finst i dag ca 25 bompengeanlegg som tilbyr betaling med AutoPASS i Noreg.
Rabatt i andre bomstasjonar
Med AutoPASS får du rabatt på følgjande stader:
- Bomringen i Oslo/Bærum (10 % rabatt)
- Bomringen i Kristiansand (10 % rabatt)
- E6 Svinesundforbindelsen (13 % rabatt)
- E6 Gardermoen–Kolomoen (10 % rabatt)
- E18 Vestfold (10 % rabatt)
- E39 Listerpakken (10 % rabatt)
- Rv. 23 Oslofjordtunnelen (10 % rabatt)
- Fv. 17 Godøystraumen og rv. 80 Strømsnes - Veipakke Salten (10% rabatt)
- E134 Åkrafjorden (10 % rabatt)
- Miljøpakke Trondheim, med unntak av bomstasjonen på Kroppanbrua (10 % rabatt)
- Rv4 Reinsvoll-Hunndalen (10% rabatt)
- Ryaforbindelsen (10% rabatt)
- Kråkerøyforbindelsen (10% rabatt)
- Bomringen Nord-Jæren (10% rabatt)
Ønskjer du rabatt utover dette må du teikne tilleggsavtale med det aktuelle bompengeselskapet og betale inn eige forskot der.
EasyGo: Bruk AutoPASS-brikka i Noreg, Danmark og Sverige
EasyGo er ei teneste som gjer at du kan nytte AutoPASS-brikka di i bompengestasjonar i Noreg, Danmark og Sverige. Bompengeanlegga som er med i ordninga er Storebælt- og Øresunds-broen samt nokre ferjesamband som HH-Ferries, Mols-Linien og Flakk-Rørvik.